Velkommen til Påskefest 2014 på Stord

PåskeFest2014Fellesskap med gode venner, tilbe Kongenes konge, Jesus sentrert undervisning, pølser rundt bålet, symjetur, drøs rundt ein kaffikopp, få nye venner. Klar for påskefest? – Kom saman med Guds folk og bli utrusta til livet!

Menighetane Kristent Fellesskap Sørvest inviterer til påskefest på Stord Hotell 18. – 20. april 2014.

Me ønskjer å samlast for å feire Jesus og gler oss til dagar med eit mangfaldig program for små og store. Det vert daglege festsamlingar for heile familien. I tillegg vil det vere eigne seminar og samlingar for born, unge og vaksne. Me får god tid til samtale og fellesskap rundt eit godt måltid i resturanten, i salongen eller på tur i nærområdet.

Hotellet ligg sentralt på Leirvik, med gongavstand til blandt anna idrettsanlegg og naturstiar. Dette vil me nytte oss av og har gitt tid og rom for det i programmet. Me startar med innkvartering fredag 18.04 kl. 10.00 og fortsett med festsamling og kick off kl 10.30.

Oppdatert program finner du HER.

Med Gud i sentrum veit me at me får gode dagar med utrustande undervisning og innkluderande fellesskap!


Kort om påmeldinga:

Ein må melde seg på konferansen sjølv om ein ikkje skal overnatte på hotellet. Dette gjeld både barn og vaksne. Dei einskilde menighetane har ulike ordningar for økonomisk støtte/sponsing til arrangementet. Ønsker du mulighet for privat overnatting krysser du av for det. Ta kontakt med din lokale menighet for nærare informasjon.

Har du spørsmål angående påmelding, ta kontakt med Atle Nygård
Er det ellers anna du lurer på ta kontakt med: Irlin M. Gjøen

Last ned en brosjyre HER

Påmeldingen er stoppet.