Påskefest 2017 for region sør-vest

Menighetane Kristent Fellesskap Sørvest inviterer til påskefest på Stord Hotell 14.-16.april 2017

Fellesskap med gode venner, tilbe Kongenes konge, Jesus sentrert undervisning, pølser rundt bålet, symjetur, drøs rundt ein kaffikopp, få nye venner. Klar for påskefest? Kom saman med Guds folk og bli utrusta til livet!

Me ønskjer å samlast for å feire Jesus og gler oss til dagar med eit mangfaldig program for små og store. Det vert daglege festsamlingar for heile familien. I tillegg vil det vere eigne seminar og samlingar for born, unge og vaksne. Me får god tid til samtale og fellesskap rundt eit godt måltid i restauranten, i salongen eller på tur i nærområdet. Hotellet ligg sentralt på Leirvik, med gongavstand til blant anna idrettsanlegg og naturstiar. Dette vil me nytte oss av og har gitt tid og rom for det i programmet.

Me startar med innkvartering fredag 14.04 kl. 10.00 og fortsett med festsamling og kick off kl. 11.00.

Med Gud i sentrum veit me at me får gode dagar med utrustande undervisning og inkluderande fellesskap.

Program for påskefesten 2017: se HER

Påmeldingsfrist: 12.april 2017.

  • Påmeldingen er nå stoppet.

Felles kafé

  • Vi oppfordrer alle til å ta med seg kake, snacks eller frukt til felles kafé 🙂

Prisar for overnatting på Stord Hotell.

  • I dobbeltrom per person kr. 2.050,-
  • Born 6 – 14 år i foreldres rom kr. 1.050,- ( rom m/ sovesofa)
  • Born 6 – t. o. m 14 år i eige rom kr. 1.375,- ( 2 eller 3 born pr. rom)
  • Born 0 – t. o. m 5 år er gratis.

Inkludert i prisen er frokost, lunsjbuffet/matpakke og middagsbuffet. Vertskapet lar oss i tillegg fritt nytte alle fasilitetar på hotellet.

Hotellet har familierom med plass til 2 voksne og 2 barn. Dersom en ønsker å ha flere på rommet føres det inn rom-bestillingen. Vi ordner med tilstøtende rom så langt det er mulig. Barn under 15 år i eige hotellrom er på foreldres ansvar.

Dagsbesøk med eller utan bespisning:

  • Ein må melde seg på konferansen sjølv om ein ikkje skal overnatte på hotellet. Dette gjeld både barn og vaksne.
  • Bur ein privat og ønske å ha måltid på hotellet, skal det meldast direkte til hotellet på booking@stord-hotel.no
  • Priser for bespisning v/dagsbesøk:
    • Fredag:  Lunsjbuffet kr. 145,- for voksen og barn.
    • Fredag:  Middagsbuffet kr. 450,- / kr. 240,- barn.
    • Lørdag:  Middagsbuffet kr. 450,- / kr. 240,- barn.
    • Søndag:  Lunsjbord kr. 340,- / kr. 180,- barn.
    • Gratis mat for barn opp til og med 5 år. Barn fra og med 6 år må betale.

Behov for økonomisk støtte?

  • Dei einskilde menighetane har ulike ordningar for økonomisk støtte/sponsing til arrangementet.
    Ta kontakt med din lokale menighet for nærare informasjon.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med: Irlin M. Gjøen

  • epost: irlin.m.gjoen@gmail.com
  • mob. 952 99 464

Velkommen til påskefest 2017!

Lukket for kommentar.